https://www.randofolk.no/Foto : Wild Voss
Foto : Wild Voss

Ut av kvardagen - inn i naturen

Wild Voss tek deg med på turar og kurs i fri natur - heile året. Fjella på Voss er vår heimebane. Vi trivst best på turar der vill fjellnatur møter gamalt kulturlandskap.


Skrevet av Wild Voss As


 Vi skaper rikare turopplevingar for våre deltakarar ved å knytte saman vakker natur, lokal historie og lokale smaksopplevingar på våre turar. ​På våre turar vil du få sjå vakker natur på nært hald. Du vil lære noko nyttig om å være på tur. Og du vil kjenne nærleik til naturen vi ferdast i. 

Foto: Wild Voss

Kva gjer vi?

Wild Voss tek deg ut av den travle kvardagen og inn i den frie naturen. Vi ynskjer at du skal få ta del i det som betyr mest for oss: å dele gleda ved å kunne ferdast trygt og ubekymra i fri natur. På våre turar er du ein deltakar - ikkje ein passasjer. Våre guidar liker å dele sin kunnskap og sine forteljingar. På den måten kjem du nærare omgjevnadene dine og får ein sterkare turoppleving.

Foto: Wild Voss
Foto: Wild Voss
Foto: Wild Voss

​Vi trur at dei rikaste opplevingane finst der naturen er inntakt. Av den grunn ferdast vi i hovudsak utanfor vegar, bortanfor bustader og anna infrastruktur. Det krevjer litt meir av oss å ferdast slik, men deg gjør og turane rikare. Deltakarar på våre turar skal å sjå flott natur, lære noko fascinerande og kjenne nærleik til naturen. 

Foto: Wild Voss
Foto: Torstein Bøhm
Foto: Wild Voss

Våre guidar kjenner fjella kring Voss godt. Me er alle ivrige friluftsfolk som bruker mykje av fritida vår på turar i fjellet, i skogen og på elver og vatn. Her ute kjenner vi oss som heime. Vår kompetanse, hugleik for naturen og røynsler frå talrike turar gjer oss til eit godt vertskap for deg som kjem til oss for å få naturopplevingar. 

Wild Voss AS / tlf: 93484041 
Mail: post@wildvoss.no
 Nettside: Wild Voss 



guidekurs