Toppturweekend i Øystese
9-12. mars 2023 arrangerer Hardangerfjord Adventure toppturweekend i Øystese
Hardanger og Øystese
Bli med på ein toppturweekend i Hardanger og Øystese! Skikøyring frå fjell til fjord og med lokal mat og drikke i godt lag! 3 dager med topptur og 3 netter på hotell med heilpensjon.
Kom til Hardanger opplev variert skikøyring frå fjell til fjord i vakkert fjordlandskap. Hardanger har typisk vestlandsvinter med mykje nedbør som gir snørike vintre i fjellet og ein lang skisesong til spanande toppar med flott fjordutsikt. Denne helga er for deg som er glad i topptur, nydeleg kortreist mat og sterke naturopplevingar!
Base på Hardangerfjord Hotel
Me har har base på Hardangerfjord hotel i Øystese og turane ledes av lokale og erfarne guidar. I Øystese åpner Hardangerfjorden seg verkeleg opp og gir deg ein flott panoramautsikt til fjord, fjell og Folgefonna. Dette er ei vakker liten tettstad med handel, resutaranter, bowlinghall, nydelig sandstrand, brygger, hotell og fleire kafèar. Hardanger har ein lokal mat- og drikkekultur med lange tradisjoner. Hardangerfjord hotell serverer tradisjonelle og moderne retter basert på nydeleg kortreist mat laga på heilt ferske, lokale råvarer.
3 dager med skikjøring
Det vert 3 dagar med skikøyring der ein kan velja mellom korte (3-5 timar) og lange turar (5-8 timar). Om vêr, skiføre og skredforhold er med oss så går dei lange turane denne helga enten til Skrott (1320 moh), Tveitakvitingen (1299 moh) og Oksen (1241 moh). Dei korte turane går til flotte litt lågare toppar (900-1100 moh) rundt på strekkja Fyksesund-Tøvikbygd.
Program for weekend
Torsdag
Velkommen til Hardangerfjorden med vakre fjorder og fjell, og sjarmerende Øystese!
Nyoppussa Hardangerfjord Hotel ligg idyllisk til ved fjordkanten i Øystese, med fantastisk utsikt mot Hardangerfjorden, fjella og isbreen Folgefonna. Etter innsjekk kan du nyte utsynet utover Hardangerfjorden eller kanskje ta deg eit røft vårbad ved den lokale stranda. Alle deltakarar møtes til felles 2-retters middag på kvelden i hotellets restaurant med påfølgjande informasjonsmøte med guidane for helga.
Fredag
Første dag med skikøyring! Frukost på hotellet og smøring av niste før me frå kl.09:00 deler oss opp og reiser til start for dei ulike toppturane. Du kan velja mellom kort tur eller lang tur som alle går på nordsida av Hardangerfjorden.
Etter ein lang dag ute på tur er det dags for å god dusj! Eventuell RIB-tur (1 time) for dei som har satt seg opp på dette denne dagen. Avgang kl.16:30 frå hotellet.
Kl. 18:00 - Sidersmaking på Spildegarden (600 m frå hotellet)
Kl. 20:00 - Felles 2-retters middag i hotellets restaurant.
Laurdag
Andre dag med skikøyring! Frukost på hotellet og smøring av niste før me frå kl.09:00 deler oss opp og reiser til start for dei ulike toppturane. Du kan velja mellom kort tur eller lang tur som alle går på nordsida av Hardangerfjorden.
Etter ein lang dag ute på tur er det dags for å god dusj! Eventuell RIB-tur (1 time) for dei som har satt seg opp på dette denne dagen. Avgang kl.16:30 frå hotellet.
Kl. 19:00 - Felles 2-retters middag i hotellets restaurant
Sundag
Siste dag med skikøyring! Frukost på hotellet, smøring av niste og utsjekk før me frå kl. 10:00 deler oss opp og reiser til start for dei ulike toppturane. Du kan velja mellom to forskjellige korte turar (3-5 timar) som begge går på nordsida av Hardangerfjorden.
Siste dag med skikøyring! Frukost på hotellet, smøring av niste og utsjekk før me frå kl. 10:00 deler oss opp og reiser til start for dei ulike toppturane. Du kan velja mellom to forskjellige korte turar (3-5 timar) som begge går på nordsida av Hardangerfjorden.