Toppturweekend i Ulvik i April
Bli med oss på ein toppturweekend i Ulvik og Hardanger! Skikøyring frå fjell til fjord og med lokal mat og drikke i godt lag! 3 dager med topptur og 3 netter på hotell med heilpensjon.
13-16. april 2023
Hardangerfjord Adventure arrangerer toppturweekend i Ulvik ! Kom til Hardanger opplev variert skikøyring frå fjell til fjord i vakkert fjordlandskap.
Hardanger har typisk vestlandsvinter med mykje nedbør som gir snørike vintre i fjellet og ein lang skisesong til spanande toppar med flott fjordutsikt. Denne helga er for deg som er glad i topptur, nydeleg kortreist mat og sterke naturopplevingar!
Base på Brakanes hotel
Me har har base på Brakanes hotel i Ulvik og turene ledes av lokale og erfarne guidar. Ulvik ligg idyllisk plassert, inst i Hardangerfjorden, Hardanger har ein lokal mat- og drikkekultur med lange tradisjoner. Brakanes hotel serverer tradisjonelle og moderne retter basert på nydeleg kortreist mat laga på heilt ferske, lokale råvarer.
Det vert 3 dagar med skikøyring der ein kan velja mellom korte (3-5 timar) og lange turar (5-8 timar). Om vêr, skiføre og skredforhold er med oss så går dei lange turane denne helga enten til Oksen (1241 moh), Ingebjørgnuten (1210 moh) eller Onen (1621 moh). Dei korte turane går til flotte litt lågare toppar (800-1100 moh) rundt Ulvik.
Torsdag
Velkommen til Hardangerfjorden med vakre fjorder og fjell, og sjarmerende Ulvik!
Brakanes hotel ligg midt i sentrum heilt ved fjorden og har parkering med moglegheit for lading av el-bil. Etter innsjekk kan du nyte utsynet utover Ulvikfjorden og ta deg ein tur i badestampen eller badsteun, og kanskje eit vårbad. Alle deltakarar møtes til felles 2-retters middag på kvelden i hotellets restaurant med påfølgjande informasjonsmøte med guidane for helga.
Fredag
Første dag med skikøyring! Frukost på hotellet og smøring av niste før me frå kl.09:00 deler oss opp og reiser til start for dei ulike toppturane. Du kan velja mellom kort tur eller lang tur som alle går på nordsida av indre Hardangerfjord.
Etter ein lang dag ute på tur er det dags for å god dusj! Eventuell RIB-tur (1 time) for dei som har satt seg opp på dette denne dagen. Avgang kl.16:30 frå hotellet.
Kl. 18:00 - Felles transport til Lekve gard og sidersmaking
Kl. 20:00 - Felles 2-retters middag i hotellets restaurant
Laurdag
Andre dag med skikøyring! Frukost på hotellet og smøring av niste før me frå kl.09:00 deler oss opp og reiser til start for dei ulike toppturane. Du kan velja mellom kort tur eller lang tur som alle går på nordsida av indre Hardangerfjord.
Etter ein lang dag ute på tur er det dags for å god dusj! Eventuell RIB-tur (1 time) for dei som har satt seg opp på dette denne dagen. Avgang kl.16:30 frå hotellet.
Kl. 19:00 - Felles 2-retters middag i hotellets restaurant
Sundag
Siste dag med skikøyring! Frukost på hotellet, smøring av niste og utsjekk før me frå kl. 10:00 deler oss opp og reiser til start for dei ulike toppturane. Du kan velja mellom to forskjellige korte turar (3-5 timar) som begge går på nordsida av indre Hardangerfjord.